Invitasjon til Skoliosekurs for skoliosepasientar og pårørande onsdag 15. mai 2019

Del:

Ortopedisk klinikk, Ortopedisk avdeling Haukeland, Lærings- og meistringssenteret arrangerer Skoliosekurs for pasientar med skoliose (aldersgruppe 18 - 30 år) og deira pårørande.

Målsetjing er å gi informasjon om skoliose og behandlingsformer. Møte representantar frå ulike faglege miljø og kunne stille spørsmål. Ha høve til erfaringsutveksling med andre i same situasjon.

Påmeldingsfrist ein veke før kursstart

Avbestilling seinast 24 timer før kurs. Dersom du ikkje møter til avtalt kurs krev sjukehuset ein eigendel etter gjeldande takstar. Dette gjeld også om du har frikort.

Med atterhald om plass på ønska dato, og tilstrekkeleg påmeldte. Det kan bli endringar i programmet.

Påmelding

Du må ha tilvisning frå eigen lege og påmelding pr. e-post eller tlf. for å delta på kurset. Pårørande trenger ikkje tilvisning. Pårørande oppfordras til å delta, og det må da påførast i samme henvisning. Gi beskjed til fastlegen ved behov for sjukemelding.

Tilvisning frå fastlege sendast:

  • Ortopedisk klinikk
  • Haukeland universitetssjukehus
  • 5021 Bergen
  • Merk konvolutten "Skoliose"

For spørsmål vedrørande påmelding eller spørsmål om kurset, kontakt Ortopedisk klinikk på telefon 55 97 05 68 Mona Oppedal eller 55 97 28 11 Paula Carolina Sæthre.
Du vil få bekrefta plass på kurs.

Invitasjon

Les hele invitasjonen her: https://helse-bergen.no/arrangementer/skoliose